Tretoppane

Somme gonge vaknar eg
våt
av sveitte, med eit brennande ønske
om at eg hadde min eigen gravemaskin

Pusten

Men den grå streken rundt handledda får
eg ikkje vekk

Veit du, det finst menneske
som aldri har heldt ein neve jord

Det finst menneske som
aldri har heldt ein draum
lenge nok
til å verta svart under neglene

Blodårene

Då eg fortalte deg at det eksisterer ein
fysisk, ikkje kontrollerbar verkelegheit
utanfor sansane, byrja du å gråte, og eg lo
av deg fordi du laga så stygge grimasar

Aldri

Uvitenheten er ond, seier du
Ordet uvitenhet eksisterer ikkje på nynorsk

Stillheita

Då du gjekk
vart det liggjande att små klumpar
av jord
i gangen og ned trappa

I skogen ligg det pinnar som bjørnen har
tissa på

Du smiler aldri
Kaffikopp, jord, snus

Kan du definere natur utan å bruke spade?

Lyden av glas mot snøskorpa
Brødskorpe. Sår

I skogen
snakkar fuglane i kjeften på kvarandre
Du har aldri vore meir menneske

Knoklane

Eg har stoppa ut alle dyra i skogen, og
alle fuglane
Hengt dei i tynne trådar mellom greinene
så dei kan røre på seg i vinden

Habitat

Bak panna di kan eg skimte ein firkant som
lyser svakt
Du er altfor nær

Steinane